Info om arbeid hos MOWI Fosså
Me har fått følgande melding frå MOWI:
»Der har vært en økning i lusenivåene de siste ukene, og vi må derfor i gang med behandling mot lus på Fosså denne uken. Oppstart blir en gang ila tirsdag.
Gamle vegar fram i lyset
Mandag var nærmare 20 jøsnesbuar samla på Grendahuset for å læra meir om veg- og stinettet på Jøsneset før bilvegane kom. Det blei ein triveleg og interessant kveld med felles kveldsmat.
Bli med på Seniortur til Helgøy !
Påminning: Det er 4 ledige plasser i bussen til seniorturen til Helgøy onsdag 14. juni. Sven hentar folk med bussen rundt i bygda. Me tar 10.00 ferja. Norunn Helgøy møter oss ved brua Helgøy og me får ein liten guida tur rundt på øya. Etterpå blir det lunsj med kaffe og dessert på Epleriet. Eigenandel kr 400,- for medlemmer i Helselaget, kr 600,- for ikkje-medlemmer. Påmelding til Berit på mobil 97112474.. Arrangør: Nasjonalforeningen for folkehelsen - Jøsneset Helselag
Gamle vegar og snarvegar på Jøsneset
Tysdag 13. jun klokka 19 inviterer Bygdarådet til ein sosial og lærerik kveld på Grendahuset. Ådne Skiftun har teke initiativ til å informera og samla stoff om gamle snarvegar på Jøsneset.
Dugnad på Grendahuset
Det skjer mye på Grendahus-området for tida! Mandag 5. juni kl 18 blir det ein runde med dugnad på uteområdet, så ta på deg arbeidshanskane og møt opp. Det blir sjølvsagt også tid til kaffi, is og drøs. Velkommen!
Effektiv dugnad på bedehuset
Ikkje så reint få bøtter og klutar var i aksjon då 6 dugnadsklare damer satte i sving. I strålande ettermiddagssol og med godt humør gjekk arbeidet unna.
Etter ein times tid var det meste av arbeidet gjort. Då var vindauga pussa og stolar, skap og gulv vaska. Då alt var ferdig blei det tid for sjokoladekake og kaffi ute på trappa.
Det beste med ein dugnad er jo ofte å treffast og å kunne drøse litt, og ekstra kjekt er det jo når resultatet av arbeidet blir bra!
Takk til alle som stilte – særlig til fotografen som kom tidsnok til å få kake!
Vaskedugnad på bedehuset
Bedehusstyret arrangerer dugnad på bedehuset torsdag 1. juni, kl 18-20.
Det trengs blant anna ein skikkelig vask i salen oppe, kjellaren og kjøkkenet. Dersom det blir tid, bør og vindauga få seg ein vask.
Gi beskjed til Ellen Mari på mobil 92463675 om du har anledning til å bli med.
Kjekt om mange kan stille!
Helsing bedehusstyret